Eit steg om gangen
Logg inn

Selseng & Systaddal

Leiing er noko de gjer. Kvar veke.

Eit steg om gangen tek dei fem leiarpraksisane frå The Leadership Challenge og fester dei til arbeidet de faktisk står i. Først ser de kvar de er. Så vel de kva de vil bli betre til, og lovar kvarandre konkrete ting. Så prøver de, og lærer.

Praksis 1 av 5 · Model the Way

Gjer det du seier. Folk følgjer først personen, så planen.

  • Avklar verdiar ved å finne di eiga røyst og stadfeste dei felles verdiane.
  • Gå føre ved å la handlingane samsvare med dei felles verdiane.

Spør deg sjølv: Kva verdiar ser folk i det du faktisk gjer, ikkje i det du seier?

Leiing kan lærast

Kouzes og Posner har sidan 1980-talet studert kva folk gjer når dei leier på sitt beste. Svaret er fem praksisar som alle kan øve på.

Det du gjer, ikkje kven du er

Spegelen spør kor ofte du gjer konkrete ting. Ikkje om personlegdom. Det du gjer, kan du endre frå i morgon.

Teamet leier òg

I gode team leier alle, ikkje berre den formelle leiaren. Difor har me eit eige løp for heile team.

To løp, same fem fasar

Kva passar for dykk?

Begge løpa går gjennom førebu, kartlegg, prioriter, prøv og lær. Diagnose før behandling: de ser kvar de er før de vel kva de skal gjere.

Alle i teamet svarar på teamspegelen. Teamtavla viser kvar de er samde og usamde. De vel éin til tre praksisar og lagar ein handlingsplan med lovnader.

  1. 1
    FørebuAlle svarar på teamspegelen, 10–15 minutt, minst to veker før økt 1.
  2. 2
    KartleggØkt 1: teamtavla, eigen refleksjon og lagssamtalen per praksis.
  3. 3
    PrioriterØkt 2, maks ei veke etter: vel 1–3 praksisar.
  4. 4
    PrøvHandlingsplan, lovnader og korleis me held dei.
  5. 5
    LærNy måling kvart kvartal, med endringa synleg.
Dette får de
  • Teamspegelen: 30 ledd, 10–15 minutt for kvar
  • Teamtavla: kvar de er samde, og kvar det spriker
  • To økter på to timar med fasilitator
  • Handlingsplan og lovnader med namn og dato
  • Ny måling kvart kvartal, med endringa synleg
Det me legg til

Handlingsromsjekken

Boka handlar om leiaren. Me legg til éin ting: for alt som bremsar, spør me kvar det sit. Det som sit i systemet, skal ikkje berast av leiaren eller teamet åleine. Det skal løftast, med namn på den som eig avgjerda.

Kvar sit det?I meg, I teamet, I systemet.
Kva del av Handlingsrommet?Truverdig leiing, Skapande styringssystem, Myndiggjerande organisering, Lærande arbeidsformer.
Kven eig avgjerda?Eit namn eller ei rolle. Då veit de kven de skal gå til.
Personvern

Dykkar tal er dykkar

Du eig resultata dine. Me ser planen din berre om du vel å dele han.

Svar frå andre blir berre viste samla, og først når minst tre har svart.

Me brukar ingen normtabellar eller prosentilar. De samanliknar dykk med dykk sjølve, over tid.

Alt blir sletta 180 dagar etter at løpet er avslutta.

Les meir om personvern

Vil de prøve?

Ta kontakt med Helle eller Joakim. Me set opp løpet saman med dykk, og de får ei lenkje og ein kode til kvar deltakar.

Ta kontakt

Dei fem praksisane og ledda i spegelen er frå The Leadership Challenge og Leadership Practices Inventory av James M. Kouzes og Barry Z. Posner. Selseng & Systaddal brukar dei etter avtale, omsette til nynorsk. «Skap meining» er vårt namn på Encourage the Heart.