Dykkar tal er dykkar
Verktøyet er laga for at de skal lære om dykk sjølve. Det er ikkje eit kontrollverktøy, og det skal ikkje brukast til å vurdere einskildpersonar.
Kva me lagrar
Namn og eventuelt e-postadresse på deltakarane, svara på spegelen, lappar, handlingsplanar, lovnader og planen til leiaren. Me lagrar ikkje namn eller e-post på dei som svarar som observatør, berre kva relasjon dei har til leiaren om dei vel å seie det.
Kven ser kva
Deltakarane i eit teamløp ser teamtavla når fasilitatoren opnar henne. Tavla viser berre samla tal, og berre når minst tre har svart. Ein leiar ser sine eigne svar og dei samla svara frå andre, også her først når minst tre har svart. Planen til leiaren er privat. Fasilitatoren ser han berre om leiaren vel å dele han.
Ingen normtabellar
Me samanliknar ikkje dykk med andre organisasjonar og brukar ingen prosentilar. Tala er til for at de skal sjå dykk sjølve og endringa over tid.
Kor lenge
Alt som høyrer til eit løp, blir sletta 180 dagar etter at løpet er avslutta. De kan be om å få det sletta før.
Informasjonskapslar
Me brukar ingen sporing. Innlogginga di ligg lagra i denne nettlesaren til du loggar ut.
Spørsmål
Ta kontakt med Selseng & Systaddal om du lurer på noko, eller vil sjå eller slette det som er lagra om deg.